Maes Howe, Orknøyane


På Orknøyane finst ein underleg haug. Maes Howe er somme stader skildra som det mest interessante fortidsminnet i Europa - i verdsklasse på line med pyramidane i Egypt. Det vart difor ein aldri så liten nedtur då eg fekk auge på noko som ikkje var anna enn ein grasgrodd haug i det flate, forblåste terrenget (det var jamrande kaldt og surt til ein augustdag å vera) med ein liten, oppmurt inngang som dei fleste med klaustrofobiske tendensar ville betakka seg for å krabba inn i.

Men inn kom me. Alt som heitte klaustrofobi veik til sides for eventyrlyst. Etter ca. ti meter kunne me retta ryggen og reisa oss. Me var komne inn i eit stort kammer som lett romma 20-30 personar. Rommet var rundt, bygd opp av tusenvis av fint tilhogde steinar, med små kammer langs sidene. Fram til vår tidsalder hadde haugen lege urørt i tre tusen år, bortsett frå ved eit høve då vikingar hadde trengt seg ned gjennom taket og heldt til der. Me kunne sjølv sjå runene dei hadde skribla alle stader, tydelege strekar som var rissa inn i steinane.

Kort sagt - det var ei overveldande stund. Eg kunne mest teke heile den lange turen berre for denne haugen si skuld. Haugen er konstruert slik at ein gong i året, i sjølve midtvintertida, skin dei siste strålene frå sola som synker bak den slake åsen i vest rett inn gjennom den ti meter lange inngangen og lyser opp bakveggen i kammeret. Kvifor nett då, og kvifor her? Me kan gjera oss mange tankar om det. Kanskje den døyande midtvintersola markerer livet som har døydd og er blitt lagt her? Kanskje det hadde med ei fruktbarheitsrite å gjera? Eller kanskje tenkte ein seg at dei siste strålene bar med seg sjelene til dei døde - eller vendte tilbake med dei? Ingen veit.